NRK Meny
Normal

Bonden får meir fôr frå maisen enn graset

Det er ei subtropisk plante som eigentleg ikkje har noko å gjere i Norge. Men bonde Jens Reidar Ljøsne har fått maisen til å stortrivast i Lærdal.

Dyrkar mais i Lærdal

GRUNN TIL Å SMILE: Etter eit par år med litt plundring har Jens Reidar Ljøsne fått dreis på maisavlinga.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Den veks som ugras. Det er nesten så du kan sjå den vekse. Det er heilt vilt, ler Ljøsne.

Han viser fram ikkje mindre enn 50 dekar mark, fylt til randa med maisplanter.

Men det er ikkje mais til bruk i salatbollen på folk sine kjøkken han dyrkar fram. Bonden i Lærdal meiner å ha funne seg ein smått genial måte å skaffe ekstra fôr til mjølkekyrne og oksane på garden.

– Det er rikt på energi, men relativt proteinfattig. Det passar godt saman med godt surfôr eller silofôr. Det er eit fôr som er godt, og som er billig å dyrke, seier han til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Maisåkeren er 50 dekar stor

50 DEKAR: Eit stort område er sett av til maisdyrkinga på Ljøsne i Lærdal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Kyrne mjølkar meir

Ljøsne fekk fascinasjonen for maisplanten under ein tur til New Zealand på 1990-talet. For tre år sidan starta han å dyrke mais.

Dei to første åra har det vore så som så med avlinga, men årets sesong ser svært lovande ut. Ljøsne frydar seg over synet som no brer seg utover bøen.

– Det er ei kjempeplante å dyrke. Dei er i alle fall tre meter i snitt i år. Dei har likt seg godt i den varme sommaren vi har hatt, konstaterer han.

Den store maisavlinga lovar dessutan godt for vinterfôringa av buskapen. Etter at han byrja å gi kyrne mais, meiner Ljøsne at mjølkeproduksjonen har gått opp.

– Kyrne si mjølkemengd aukar stadig, og dei mjølkar meir utover i sesongen når eg fôrar med mais. Dessutan, legg han til:

– Ei hausting av maisen gir like mykje fôr som tre slåttar med gras.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Maiskolbe frå åker i Lærdal

MODEN TIL HAUSTEN: Frå rundt 1. oktober skal maisen i hus for bli til fôr for storfe.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Perfekt klima

Dei siste åra har maisdyrking blitt populært både i Danmark, Sør-Sverige, og her til lands rundt Oslofjorden og på Sørlandet. Ljøsne fann ut at klimaet i Lærdal slett ikkje var mindre eigna til mais.

– Eg undersøkte litt. Det viste seg at vi har nesten like godt klima her. Så då tenkte eg at det var verdt på prøve.

Sjølve prosessen er ikkje så mykje hokuspokus, meiner gardbrukaren.

– Det er nokså enkelt. Det er tradisjonelt vårarbeid, deretter må det gjødslast i ganske store mengder med husdyrgjødsel. Litt kunstgjødsel og litt plantevern, elles ordnar det seg sjølv.

Sjølve innhaustinga skjer først frå månadsskiftet september – oktober.

– Det er frosten som avgjer. Når frosten kjem stoppar planten heilt opp, seier han.

Men fram til den tid, er klimaet i Lærdal perfekt for maisdyrking, meiner Jens Reidar Ljøsne.

– Vi har gode somrar og tidleg vår, og vi har lett jord som ikkje blir kald. Den held seg varm, poengterer bonden.

PS. I nabolaget til Ljøsne har det vakse fram avlingar av ei rekkje eksotiske produkt som normalt blir dyrka sørlegare breiddegrader. Både fersken og aprikos ser dagens lys i dalen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.