Hopp til innhold

Må vente i fleire månadar før det kan takast ut tiltale i trippeldrapsaka

Det kan gå fleire månadar før statsadvokaten kan ta ut tiltale i trippeldrapssikta i Årdal. Framleis ventar politiet både på obduksjonsrapportar, samt rapportane frå Kripos og dei psykiatrisk sakkunnige.

Kripos sine teknikarar gjer undersøkingar ved bussen der tre personar vart drepne i Årdal

KAN TA LANG TID: Den Sør-Sudanske asylsøkjaren er no til psykiatrisk vurdering på St. Olavs hospital i Trondheim. Tiltalen kan late vente på seg lenge.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

I dag hadde politiet og representantar frå påtalemakta hatt møte for og sjå korleis dei ligg an med etterforskinga av trippeldrapssaka i Årdal.

– Vi konstaterer at vi er komne veldig langt i etterforskinga, det står att ein del etterforskingsskritt og detaljar, men det er og ting vi vil få på plass i vinter, seier regionlensmann i Indre Sogn, Åge Løseth.

Sidan den sikta ikkje er avhøyrt vil politiet ikkje seie noko om kva som står att. Løseth vil heller ikkje kommentere om den sikta var rusa eller visste at han skulle sendast ut av landet.

Tiltalen let vente på seg

Det er litt over to månadar sidan Valdressekspressen vart kapra og tre menneske vart drepne om bord. Den sikta er ein mann i 30-åra frå Sør-Sudan, som denne veka vart flytta til St. Olavs hospital i Trondheim for vidare observasjon. Der vil han bli vurdert av psykiatrisk sakkunnige i inn til 12 veker.

Åge Løseth seier det som står att av etterforsking lokalt ikkje er spesielt vanskeleg, men at det likevel vil ta fleire månadar før Statsadvokaten vil få over saka til vurdering fordi mange viktige rapportar ikkje er klare.

Åge Løseth

REGIONLENSMANN: Åge Løseth.

Foto: Alf Vidar Snæland

Kan ta fleire månader

Innan tre veker håpar Løseth at rapporten frå Kripos sine teknikarar og den endelege obduksjonsrapporten vil vere klar. Men rapporten frå dei psykiatrisk sakkunnige vil truleg ikkje vere klar før utpå våren.

– Når trur du Statsadvokaten tek ut ein tiltale?

– Det tek tid med alle rapportar og så må påtalemakta sette seg inn i saka, så det kan ta fleire månadar.

Interpol har ikkje funne venen

Ein ven av den sikta vart sendt ut av landet like før trippeldrapet. Interpol er kopla inn for å prøve å finne mannen, men så langt har dei ikkje lukkast med dette seier Løseth

– Interpol jobbar framleis med å finne han slik at han kan avhøyrast, men eit slikt avhøyr er ikkje avgjerande for saka.