Hopp til innhold

Må utvinne meir mineral

– Mineralutvinning i Sogn og Fjordane kan spele ei viktig rolle for ny og miljøvennleg teknologi, seier regiondirektør i NHO, Jan Atle Stang. NHO meiner at Noreg må utvinne meir mineral for å nå klimamåla.

Jan Atle Stang (NHO)

TRENG MINERAL: Jan Atle Stang er regiondirektør i NHO.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Dersom vi ikkje har dei minerala, så kan vi heller ikkje skape ny teknologi som skal vere med å ta oss inn i ei grøn framtid, seier Stang.

NHO peikar på fleire mineralutvinningsprosjekt i Sogn og Fjordane som potensielt viktige bidragsytarar. Ikkje berre er det store økonomiske verdiar å hente ut. Stang meiner og at mineral er heilt avgjerande for det komande grøne skifte.

– Elbilar, mobiltelefonar, fly, vindmøller, alt er heilt avhengig av ulike typar mineral, seier Stang.

Det grøne skifte

– Når ein går frå eit fossilt drive energisystem til eit fornybart energisystem, kjem ein til å trenge nye metall og nye mineral, seier rådgjevar Bård Bergfald i miljørådgjevingsbedrifta Bergfald.

I NHO meiner Stang at det og kan vere verdt å tenkje litt mindre på naturen for å få ned dei totale klimautslippa for ein periode.

– Ein får seie som Bellona, i ein slik samanheng så må vi kanskje sjå meir på miljøvern og mindre på naturvern, seier Stang.

Vil ha strenge krav

Leiar i Naturvernforbundet, Silje Lundberg, seier at dei ikkje er imot mineralutvinning, men meiner det må stillast strenge miljøkrav til utvinninga.

Silje Lundberg

STRENGE KRAV: Leiar i Naturvernforbundet, Silje Lundberg.

Foto: Jo Straube

– Vi meiner det stillast langt strengare krav enn det som styresmaktene gjer i dag. Særleg må det stillast krav til kva ein gjer med avgangsmassane, seier Lundberg.

Her meiner Stang at Noreg, med strenge krav til utvinningsmetodar og behandling av overskotsmateriale, alt er i verdsklasse.

– I motsetnad til svært mange andre stader i verda kan vi utvinne mineral på ein miljøvenleg måte, seier Stang.

Men det er Lundberg og Naturvernforbundet direkte usamde i.

– Ikkje dersom ein samstundes legg opp til at massane skal dumpast i fjorden, eller at ein legg opp til å øydelegge naturen på den måten vi no ser at mineralnæringa gjer, seier Lundberg.

Berekraftig utvinning

Christina Bu

IKKJE FOR EIN KVAR PRIS: Christina Bu er generalsekretær i norsk elbilforening.

Foto: Norsk elbilforening

I elbilbatteri er det store mengder mineral. Generalsekretær i norsk elbilforeining, Christina Bu, er for utvinning av mineral i Noreg, men berre så lenge det vert gjort på berekraftig vis.

– Skal vi utvinne mineral i Noreg, må det gjerast på ein så berekraftig og skånsam måte som mogleg. Det må slettes ikkje dumpast noko i ein fjord, seier Bu.

Jan Atle Stang i NHO meiner at om vi er for opptatt av naturvern vil det får konsekvensar for framtida som han ikkje likar.

– Alternativet er at vi går kraftig ned i levestandard. Ei slik utvikling trur eg ikkje nokon er interesserte verken her i landet eller resten av verda, seier Stang.