Hopp til innhold

Må tigge pengar

Astrupsenteret blir dyrare enn planlagd.

Slik skal det nye Astrupsenteret ta seg ut
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Jølster kommune må leggje ut på ny tiggerunde for det planlagde besøkssenteret ved Astruptunet.

- Det har som ellers i byggjebransjen vore ein kraftig prisvekst i det siste, det er noko av forklaringa på ekstrarekninga, seier ordførar i Jølster, Gerd Dvergsdal.

Les òg:

- Må revurdere Astrupsenter

- Fryktar Jølster er pressa

67 millionar

For senteret vert mykje dyrare enn dei hadde trudd.

Totalt har summen kome opp i 67 millionar kroner, og ordførar Gerd Dvergsdal håpar kulturdepartementet vil spytte inn ein tredel.

- Denne jobben gjer ikkje seg sjølv, så vi må stå på for å sikre at vi klarer å fullføre prosjektet, seier ho.