Hopp til innhold

Må så opp att bøane

Enorme områder må såast opp att etter isbrann, og det gir berre halvparten av den vanlege mengda med fôr.

Angedalen

BRUNT: I store delar av fylket ser bøane slik ut. Denne bøen er i Angedalen.

Foto: Ronny Grimeland / NRK

Den siste dagen i mai er spora etter vinteren framleis tydelege i Sogn og Fjordane. Mange bøar i fylket er blitt hardt råka av isbrann, og for tredje året på rad opplever bøndene at vinteren fører til fôrmangel.

Enorme område må såast opp att, men det er ikkje enkelt å få tak i frø.

– Ein kritisk og dyr situasjon

I Førde strevar Felleskjøpet med å skaffe såfrø til alle bøndene. So langt har dei forsynt bønder på Vestlandet med 180 tonn frø, og enno har dei ikkje levert alt.

Sjef for Felleskjøpet region vest, Dag Arne Helle, har aldri opplevd maken.

– Ein treng tre til fire kilo frø per dekar for å so opp att, og so kjem det an på om ein sår opp att alt eller flekkvis. Dette vil variere frå gard til gard, men dei fleste har nok fått øydelagd det meste av innmark og då må alt såast på nytt. Dette er ein kritisk og dyr situasjon før bøndene, seier han.

– Alle skal få

Spesielt det store trykket rett etter pinse skapte leveringsproblem før butikken.

– Då såg ein kva som ikkje spirte rundt om kring. Då var situasjonen prekær og me måtte trykka på alarmknappen, rett og slett.

Helle seier dei skal klare å forsyne alle med frø, sjølv om dei ikkje kan levere akkurat den typen frø alle vil ha.

– Alle som har bestilt frø skal få, og dei siste frøpakkane er på veg no, seier han.

Tredje sommaren på rad med problem

Steinar Dvergsdal i Dvergsdalsdalen i Jølster er skeptisk føre sommaren. Like under Grovabreen ligg nokre av engene som skal forsyne ein av fylkets største fellesfjøsar med for. I fjor dyrka han opp 200 mål ny mark. No alt er øydelagt av isbrann, også på bøane lenger nede i dalen har vinteren herja stygt.

Steinar Dvergsdal

BONDE: Steinar Dvergsdal.

Foto: NRK

– Det er eit trasig syn. Slik det var i år med tele i bakken, so tek det ein stund før ein kan konstatera at det er daudt. Det alle bønder ønskjer seg om våren er jo at det er grøne spirer over alt, men slik er det ikkje i år, seier han.

Dette blir den tredje sommaren på rad med store avlingsproblem. I fjor og forfjor var det vatnet som øydela. Med nysådde enger klarer ikkje jorda å levere meir enn ei avling.

Dvergsdal trur mange må redusere besetningane, og kjøpe fôr. Og han trur ikkje det blir så mange å kjøpe av lokalt

– Det er klart det blir sterkt reduserte avlingar og betydeleg mindre fôr. Mykje vil sjølvsagt vera avhengig av korleis sommaren utviklar seg, men det blir uansett ein stor reduksjon.

– I desse to dårlege avlingsåra me har hatt tidlegare har eg henta frø langvegsfrå. Eg har til og med hatt frø frå Nord-Norge, so det er nok fare for at det blir frø frå ein eller annan plass langt vekke i år også, seier han.