Hopp til innhold

Fire personar måtte bergast ned frå fjellhylle

Fire personar måtte bergast ned frå området ved Strandsstøylen ved Jølstravatnet etter å ha gått seg skårfast.

Redningsaksjon i Jølster

HELIKOPTER: Sea King-helikopteret er i gang med å berge tre personar ned frå fjellet.

Foto: NRK-tipsar

  • Saka vert oppdatert.

– Det viste seg å vera fire personar som hadde gått seg fast, og dei er no heist om bord i helikopteret. Dei vert no flydd heim der dei bur, seier Trond Bjørnøy, redningsleiar ved hovudredningssentralen på Sola.

Det var to barn som gjekk seg fast på fjellhylla og då to pårørande skulle hjelpa dei ned gjekk dei seg også fast. Ingen av dei fire vart skadd.

– Redningsmannen har vore nede fire gonger. Det er veldig bratt i området, seier ein innringar til NRK.

Skårfast i Jølster