Må i retten etter køyretur

Ein ung mann frå Eid må møte i retten etter at han vart teken i 180 km/t på ein køyretur i Hornindal i fjor, skriv Sunnmørsposten.

Den unge nordfjordingen er tiltalt for fleire forhold. Saka kjem opp i Sogn og Fjordane tingrett i januar, og det er sett av to dagar til saka.