Må i fengsel for vald

Ein mann i 60-åra frå Nordfjord er dømd til 90 dagar fengsel for å ha slått til ein mann i bakhovudet med ein planke. Mannen han slo til fekk eit kutt som følgje av slaget. Nordfjordingen vart i Fjordane tingrett òg dømd for å ha oppbevart ei cannabisplante. Seksti dagar av straffa blir utsett med ei prøvetid på to år.