Hopp til innhold

Må i fengsel etter å ha skalla ned mann

Ein sunnfjording i slutten av tenåra må sone 90 dagar i fengsel etter at han skalla ned ein annan utanfor ein bensinstasjon i fjor.

Hendinga skjedde ei desembernatt i Sunnfjord. Etter å ha vore ute på byen kom dei to i snakk i matkøen ved ein bensinstasjon. Kva dei snakka om er dei to involverte usamde om, men tenåringen som no må i fengsel meiner den andre mannen snakka nedsettande om søster hans.

Sunnfjordingen likte dette dårleg, og ville «ta fornærma». Dei hamna i eit basketak, og den tiltalte meiner han handla i naudverje då han skalla til den fornærma. Den fornærma brakk delar av ei tann i hendinga.

I dommen frå Fjordane tingrett legg retten vekt på at vald i helgar og på kveldstid er noko lovgjevar ynskjer å slå hardt ned på.

Den tiltalte har erkjent det som hende, men meinte han handla i naudverje. I straffeutmålinga legg retten også vekt på at saka har blitt liggande hjå politiet i minst sju månadar, noko som skal medføre reduksjon av straff.

Sunnfjordingen må sone 90 dagar i fengsel og må i tillegg betale erstatning for skadekostnadar og ei oppreising på 10 000 kroner.