Hopp til innhold

Gir seg i Sogndal etter skademareritt

Eivind Daniel Røed gir seg i Sogndal Fotball etter eit skademareritt utan like.

Eivind Daniel Røed

SLUTT: Eivind Daniel Røed må leggje fotballskoa på hylla for godt på grunn av skadar.

Foto: Rune Sjøberg, sogndalfotball.no

Røed kom til Sogndal i 2008 som eit stort talent. Men fem år etter har han måtte gi slepp på ambisjonane om Tippeligaspel, skriv sogndalfotball.no.

Midtstopparen frå Stårheim i Eid var spådd ei stor framtid i Sogndal. Han presterte stort i ung alder, og hadde fleire kampar på aldersbestemte landslag. Men ein kronisk muskelskade som ikkje ville sleppe taket, har øydelagt fotballkarriera for Røed.

– Eg måtte operere leggane i april 2009. Det er det som har gått att år etter år. Skaden, som vert kalla muskellosjesyndrom, går ut på at det er for trangt bindevev i forhold til muskelen, noko som øydelegg oksygenopptaket til leggane. Då vert det svært smertefullt å spele fotball, seier Røed til sogndalfotball.no.

Ingenting har hjelpt

Røed fortel at kvar gong han har bygd seg opp att, så har ein ny skade øydelagt for han.

– Byte av underlag gjorde ikkje saka noko betre heller, seier Røed.

Han fekk to treningskampar i vinter, mot Aalesund og Molde, men etter det så gjekk det dessverre ikkje like bra.

Røed drog frå Sogndal mot slutten av sommaren for å prøve lukka i Bergen. No studerer han kristendom og idrett ved NLA Høgskolen. Men han fortel at han ikkje gav opp fotballen med lett hjarte.

– Eg måtte nok innrømme for meg sjølv at eg ikkje kan spele på 85 prosent og vente å lukkast som Tippeliga-spelar. Difor måtte eg, i samråd med trenar Jonas Olsson og dei andre trenarane, ta eit val når det gjaldt framtida mi no i sommar, seier Røed.

Har likt seg godt i Sogndal

Han landa på at skulegong verka som det beste alternativet, sidan tida hans i Sogndal mest truleg var over etter sesongen.

– Eg skuldar alle dei som har støtta meg, satsa på meg og heia på meg ei stor takk. Støtta har vore god å ha når det har butta i mot, seier Røed.

Han peikar på at gode trenarar, godt samhald og spelarane i Sogndal har vore viktige personar i livet hans dei siste åra.

– Eg sit att med veldig mange gode minne frå eit flott miljø ii Sogndal. I tillegg til det, så har kapteinsrolla på nokre av dei aldersbestemtelandslaga vore høgdepunkt for meg, seier Røed.

Han understrekar at fotballen har vore viktig for han, og at det også er årsaka til at han ville studere idrett.

Men sjølv om tida som spelande verkar å vere over, ser han gjerne for seg ei framtid innan fotball.

– Spelarutviklar er nok ein jobb eg kan tenkje meg seinare, seier Røed.

Røed fekk 35 kampar på aldersbestemte landslag, fleire av desse som kaptein.