Hopp til innhold

Dramatisk då lynet slo ned: «Lysekruna fall ned. Det ekploderte jo i taket»

FØRDE (NRK): Ragnar Børsheim sat i stova heime i Vieåsen i Førde. Så kom smellet. Heile huset rista, før det blei svart og uvanleg stille.

Ragnar Børsheim

DRØNN: Ragnar Børsheim seier toreveret høyrdes ut som ein eksplosjon.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det var eit drønn som kom utan forvarsel. Eg sat i sofaen, og plutseleg var det ein enorm eksplosjon. Omtrent som ei bombe som landa i nabolaget. Så vart det heilt svart og heilt stille. Det vart utruleg stille. Så byrja eg å tenke på kva som eigentleg hadde skjedd, fortel Ragnar Børsheim.

Lause gjenstandar fall ned

Børsheim er ein av 13 huseigarar som fekk skader på bustaden då lynet slo ned med stor kraft i bustadområdet Vieåsen i Førde måndag kveld. Klokka hadde så vidt bikka 21.30 då eit kraft blink etterfølgt av eit høgt drønn mørkla store deler av byen.

– Samstundes som drønnet kom, fall lysekrona i stova ned. Det eksploderte jo i taket. Og ting som stod på hyller ramla ned. Heile huset rista. Det var ei spesiell oppleving. Eg har ikkje opplevd liknande, seier Børsheim.


Fleire hus i Førde har fått skadar etter kraftig torevêr måndag kveld... 
Midt i eit bustadfelt slo lynet ned i eit furutre og mørkla heile området.
I dagslys i dag kunne ein tydeleg sjå skadane etter uvêret.

SJÅ VIDEO: Det var dramatisk for mange i Førde i går då lynet slo ned. Foto: Heidi Lise Bakke. Reporter: Stine Kyrkjebø Johansen.

– Tenkte berre på ungane

Elise Sygna

SKJELVEN: Elise Sygna er glad det ikkje gjekk liv med då lynet slo ned i nabolaget.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Nabo Elise Sygna er framleis skjelven etter opplevinga.

– Eg var klar over at det lyna og tora. Men så roa det seg, så vi tenkte ikkje så meir over det, heilt til det plutseleg small. Ein veldig smell. Det første eg tenkte var vel eigentleg lynnedslag, og at eg måtte ned i kjellaren for å sjå om ungane hadde vakna. Eg var heilt skjelven, fortel småbarnsmora til NRK.no.

Inne i stova talar øydelagde straumkontaktar og internettkablar sitt klare språk om kva krefter som var i sving.

Lynet slo ut straumkontaktar

SPRENGD I STYKKE: Stikkontaktane i familien Sygna sitt hus i Vieåsen har vore utsette for sterke krefter.

Foto: Elise Sygna

– Det tok ganske lang tid før eg klarte å roe meg ned. Eg er framleis litt skjelven.

Ekkelt syn dagen deretter

Skremmande var det også då trebarnsmora i dagslyset tysdag fekk sjå området der lynet slo ned i ei stor furu, like bortanfor huset.

– No har eg vore og sett at det er jord over alt, at treet har blitt kløyvd. Så no er eg litt skjelven etter det inntrykket. Eg er glad for at ingen vart skada, så vidt eg veit. Tenk om nokon hadde vore ute då dette skjedde, seier Sygna.

Sunnfjord Energi melder tysdag ettermiddag at straumen er kopla inn att i alle bustader i Vieåsen, med unntak av to bustader som har fått mest omfattande skader.

Heftig torever i Førde. Foto: Harald Mikal Halvorsen

SJÅ VIDEO: Harald Halvorsen filma det kraftige lynnedslaget i Førde med videokamera.