Hopp til innhold

Straumen attende i Fjærland

Straumen skal no vere attende i Fjærland, etter at den har vore vekke sidan onsdag kveld.

Straumbrot Fjærland

MÅTTE KLATRE: Folk frå Sognekraft har vore i sving i Fjærland i heile dag.

Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum

Den langvarige straumstansen har ført til store konsekvensar for fleire verksemder, mellom anna Bremuseet og Hotel Mundal.

Sognekraft i Fjærland

JOBBA LENGE: Sognekraft måtte bytte mykje av keramikken på kraftmastene for å få bukt med straumstansen.

Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum

På Joker-butikken i Mundal førte straumbrotet til at dei måtte kaste mykje mat, som vart tint og øydelagt då straumen forsvann, fortel Sogn Avis.

– Det er fortvilande å kasta så mykje mat, seier Bente Skeie ved Joker i Fjærland til avisa.