Hopp til innhold

Massiv utrykking til lynskadar

Fredag blei det registrert rekordmange lynnedslag, og det blei ei ekstremt travel helg for Sunnfjord Energi som måtte ha 25 personar på jobb.

Helge Robert Midtbø i Sunnfjord Energi

TRAVEL HELG: Helge Robert Midtbø i Sunnfjord Energi fortel om ei travel helg med uvanleg mange lynnedslag.

Foto: Dag O. Bollingmo/Susanne Egset / NRK

– Eg har ikkje opplevd kraftigare lyn på vinterstid så lenge eg kan hugse, seier Helge Robert Midtbø, nettsjef i Sunnfjord Energi.

Ei elektrisk helg

Energiselskapet Sunnfjord Energi har vanlegvis ti ingeniørar og montørar på vakt, men dei siste dagane har beredskapen blitt trappa kraftig opp.

Gjennom helga har 20 til 25 personar vore i sving, og rykka ut der lynnedslag har gjort store skadar.

– Det har vore ei helg litt utanom det vanlege, og vi har hatt nok å henge fingrane i, seier nettsjef Helge Robert Midtbø.

– På sommaren kan vi ha titusenvis av lyn på éin dag, men 2 000 lynnedslag på éin dag er mykje til å vere vinter, seier forskar Frank Dahlslett hjå SINTEF.

Ekstrem situasjon

Helge Robert Midtbø

NOK Å GJERE: Helge Robert Midtbø i Sunnfjord Energi fortel om store skader over heile fylket etter kraftige lynnedslag i helga.

Foto: Susanne Egset / NRK

Berre i Hyllestad fann montør i Sunnfjord Energi, Øyvind Ness, to knuste master, sprengde sikringar i fire hus, fleire utbrente naust og oppbrende telefonleidningar i helga.

– Folka våre ser litt av kvart når dei er på jobb, og i helga har det vore ekstremt mykje skade på grunn av lynnedslag, fortel Midtbø.

Inferno i Førde

Dei siste dagane har fleire NRK-lyttarar i Sogn og Fjordane delt sine opplevingar av stormen, og mange fortel om lynnedslag og at straumen har gått.

I avisa Firda i dag kan ein lese om Ola og Eli Drage i Førde som opplevde at lynet slo ned i flaggstanga på tunet og slengte kilovis med steinheller heilt opp på taket.

Ola Drage fortel til avisa at flaggstanga må ha fungert som ein lynavleiar. Fredag kveld høyrde han eit smell, og oppdaga at ei 100 kilo tung steinhelle var smadra, og bitane var blitt slengde opptil 15 meter unna.

Steinbitane fauk til vers og slo ned i taket åtte meter over bakken og knuste skiferheller både på hustaket og garasjetaket, skriv Firda.

Sjekk sikringsskapet ditt

– Ein ser kor avhengig ein er av straum først når den blir borte, fortel Midtbø.

Det har vore ein spesiell periode frå august fram til no, med både hyppige og kraftige lynnedslag. Midtbø rår folk til å sjekke heimane sine etter utbrente leidningar og sikringar.

Det er ikkje farleg å site i huset når det lyner, dersom ikkje lynet slår rett ned i huset då, fortel Midtbø.

Han seier at kraftige lynnedslag i nærområdet kan slå ut det elektriske anlegget i huset, og det kan føre til store overspenningar og svidde kontaktar.

– Dersom du er i tvil om alt er slik det skal, ta ein kik i sikringsskapet og ta kontakt med ein elektrikar som kan sjå på det, seier Midtbø i Sunnfjord Energi.