NRK Meny
Normal

Berre eitt selskap vil drive ferjesambandet

Lustringane kan senke skuldrene sine. Alt tyder på at Lustrabaatane får halde fram på Lustrafjorden.

Ferja mellom Solvorn og Urnes

FRAMHALD: Mykje tyder på at Lustrabaatane får halde fram på ferjesambandet Urnes–Solvorn.

Foto: Silje Guddal / NRK

Berre eitt selskap vil drive ferja mellom Urnes og Solvorn i perioden 2015–2021.

– Det var ein viss interesse, men då fristen kom resulterte det i berre eitt innlevert tilbod, seier rådmann Jarle Skartun.

– Letta

NRK melde i mai at lustringar på sosiale medium frykta for å miste ferjetilbodet, då anbodsreglar tvinga kommunen til å lyse etter ferje- eller passasjerbåt.

Men då fristen gjekk ut 30. juni, var det berre Lustrabaatane, som allereie driv dagens ferje, som hadde levert inn tilbod.

Selskapet har fire tilsette og har drive sambandet i ei årrekkje.

– Eg er letta over at det no ser ut til å gå mot nye år på Lustrafjorden, seier dagleg leiar Grete Bugge i Lustrabaatane til NRK.no.

Klart i august

Ferja er livsnerven for mykje av busetnaden og reiselivet på sørsida av Lustrafjorden. Alternativet er å køyre landevegen om Skjolden, ein omveg på mange mil.

Rådmann Skartun seier dei håpar alle formalitetar vil vere i boks i løpet av august.

– Det låg og ein del opsjonar i ulike alternativ, som ulike ruteopplegg og så vidare. Så vi skal i nærare drøftingar med dei med tanke på å få sett i gang eit nytt anbod frå januar, seier han.