NRK Meny
Normal

Lustring får badebukse i gåve

SV-politikaren Morten Simonsen kan stille i ny badebukse når Luster bad opnar i 2012.

Badebuksa som Brigt Samdal gir til Luster
Foto: Mette Gundersen

Bademotandaren er ikkje sur, og har sagt han skal hive seg uti når badelandet opnar . Det kan han gjere med ei heilt ny badebukse frå Havhesten i Flora.

Glad gjevar

Morten Simonsen (SV)

Morten Simonsen har lova å bade og får no ei badebukse får Florø.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det er styrememedlem i Havhesten, Brigt Samdal, som er den glade gjevar.

For Samdal har merka seg at SV-politikaren har lagt opp til ei forsonande linje etter at han tapte kampen om bygging av nytt badeland i Luster.

Med 19 mot 10 røyster gjekk kommunestyret i Luster i går inn for Luster Bad som er eit anlegg til 91 millionar kroner.

- Imponrande

Hans Christian Andersen med badebuksa

Symjaren Hans Christian Andersen poserer i badebuksa som Morten Simonsen skal få av Brigt Samdal.

Foto: Mette Gundersen

Og etter nederlaget under avrøystinga var Simonsen ingen slagen mann.

- Det tykkjer eg var veldig imponerande, og han skulle til og med kjøpe badebukse, Eg tenkte at som styremedlem i Havhesten skal eg finne ei badebukse. Ikkje ei privat velbrukt, men ei heilt ny frå Havhesten sin kolleksjon og sende den til Luster, seier Samdal.

På vårparten 2010 blir spada sett i jorda. Sommaren 2012 kan Morten Simonsen og resten av lustringane ta på seg badekleda og kaste seg i bassenget i Luster Bad.

Les alt om striden om badelandet

Vegopning på Bergum i Førde kommune