Ordførar i Luster, Torodd Urnes, seier verksemda er så viktig for kommunen at dei må slette dei 2,2 millionane Luster Grønt skuldar.
Luster Grønt hadde ein omsetnadssvikt på fleire millionar kroner i fjor. Dei hadde budsjettert med å selje 430 tonn bringebær til rundt 20 kroner kiloen. Men stor overproduksjon førte til mykje lægre prisar og eit lager med 120 tonn som framleis ikkje er seld.
- Må tenkje nytt
No har verksemda lagt fram eit framlegg til budsjett som også Luster Sparebank er nøgd med. Difor slettar også banken 1,9 millionar kroner i gjeld. Men banksjef Gunnar Ruud meiner Luster grønt må tenkje nytt og satse meir på konsum og mindre på leveranse til industrien. Og det har dei og teke omsyn til i budsjettet og vidare drift. - Skal bærdyrkinga ha ei framtid må dyrkaren sitje att med noko, og den prisen som er lagt inn i budsjettet lyt ein ha, seier han.
Olav Tørvi
- Ikkje problem med ny aksjekapital
Dermed er det opp til Innovasjon Norge om 77 bærdyrkarar framleis får levere bæra sine til Luster Grønt. Både kommune og bank reknar med at det går i orden, og det gledar styreleiar i Luster Grønt Olav Tørvi. Han reknar med det ikkje skal bli noko problem å skaffe ny aksjekapital. Når ein får så mykje velvilje frå bank og kommune, må også dyrkarane ta sin del, meiner han.