Hopp til innhold

Lunden (Ap) favoritt - igjen

Berre fem parti stiller liste i "fylkeshovudstaden" Leikanger.

Leikanger
Foto: Arild Nybø / NRK

Både Frp og KrF manglar i listefloraen i Leikanger ved valet i år. Frp var heller ikkje med sist, mens KrF gav opp å få til liste i år – dei har ein representant i sitjande kommunestyre.

Ny Lunden-periode?

Sitjande ordførar Olav Lunden (Ap) stiller på igjen, og er nok favoritt til ordførarstolen i fire nye år. Men sjølv om Ap har lagt rundt 40prosent ved dei siste vala, treng dei alliansar for å nå opp. Rottar dei andre seg saman om ein alternativ kandidat – kan ordførarvalet også i Leikanger bli spennande.

Utfordrarar

Venstre har hatt ordførar i Leikanger tidlegare. Dei gjorde eit godt val sist, og er ein av utfordrarane. Dei stiller i år med ny listetopp: Trude Risnes.

Det tredje store partiet i Leikanger ser Sp. Dei stiller med ny listetopp etter at Jarle Andersen melde seg ut av partiet i etterkant av striden kring kraftutbygginga i kommunen. Ole Simen Nesdal er kandidaten til Sp.

I tillegg stiller Høgre med ny mann, Egil Ytrøy, mens SV kjem tilbake med Jan Sigurd Haugen.

Kraftutbygginga

I inneverande periode hadde Leikanger mykje turbulens kring planane om kraftutbygging i Henjadalen og Grimsdalen. Striden og sakshandsaminga skapte motsetnader og splid internt i det politiske miljøet og ordføraren fekk på pukkelen for sakshandsaminga.

Spenninga er om denne saka vil gje utslag ved valet.

Leikanger - kommunval

 

Ap

SV

SP

KrF

V

H

1995

38,4

9,7

15,4

8,1

15,3

13,1

1999

36,2

11,4

10,0

7,0

19,3

16,2

2003

40,9

11,9

20,0

4,2

13,2

9,8

2007

39,9

9,8

20,7

  -

20,2

10,0

Kommunesamanslåing?

Dette tema har Leikanger hatt på saklista tidlegare og avvist. No er det på dagsorden igjen etter at vegen mellom Leikanger og Sogndal er blir rassikra. Ikkje alle parti er like entusiastisk.

Elles har Leikanger fått på plass investeringar som gjev gode tenestetilbod innan omsorg og skule. Det som ligg i løypa no er symjehall/badeland. Skal kommunen byggje sjølv, kor stort skal dei byggje, eller skal dei kjøpe teneste i Sogndal?