Hopp til innhold

Alpinbakkane jublar, men ute i terrenget er skredfaren stor

– Det er på dei første godvêrsdagane, når folk ser fjellsidene kvitkledde med puddersnø at ein del ulukker skjer, seier skredforskar Krister Kristensen.

Skredfaren e stor på heile Vestlandet.
I Stryn kom det ein halv meter nysnø berre i natt -
Snømengdene betyr også glede for dei som jaktar på pudderføre.

SJÅ TV-SAK: Det har kome ned mykje snø, spesielt i Sunnmøre og Nordfjord, stadfestar Krister Kristensen.

Det er med positivt forteikn at ein kan melde om supre skiforhold, og ikkje minst ei godvêrshelg ein kan nyte skiforholda i.

Men det er med varsemd. For det er stor skredfaren både i Sunnfjord, Nordfjord og på Sunnmøre.

– Det har snødd to-tre dagar i strekk no, og skredfaren er tre på ein femgradersskala. Det betyr stor sjanse for skiløparar å utløyse skred i heng brattare enn 30 grader, seier skredforskar Kristensen.

Skikøyrar Stryn skisenter

TRYGT: Det er trygt i skianlegga, men så fort ein kjem utanfor aukar snøskredfaren merkbart.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Åtvarar skientusiastar

Det er utanfor tilrettelagde område risikoen er størst for at skred kan bli løyste ut. Og ofte er det skiløparane sjølve som løyser desse ut.

– Held ein seg innanfor tilrettelagde område, så er det ofte greitt, seier Kristensen.

Stryn Skisenter

IDYLLISK: Kombinasjonen sol og snø kan vere idyllisk, som her i Stryn skisenter.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Dette er Kåre Tonning ved Stryn skisenter vel klar over. Torsdag gjekk det eit snøskred i Karifjellet – ein halv kilometer frå det eine skitrekket.

– Vi åtvarar og prøver å snakke folk med sekk og randonee-utstyr vekk frå enkelte område. Vi forlanger også å få vite kvar dei køyrer om noko skulle skje, seier han.

Luksusproblem

Turløyper Stryn

BORTOVER: Det er ikkje berre dei som likar å renne nedover som har supre forhold. Slik som her i turløypene i Stryn. – Men det vert ikkje preparert til Veten/Hogden og i Panoramaløypa før snøen har sett seg, opplyser Hildegunn og Arvid Hatledal.

Foto: Turløyper Stryn

I og rundt skisenteret i Stryn har det siste dagane kome to meter med snø. Med andre ord ligg forholdet godt til rette for ei god helg for både pudderkongar og pudderdronningar.

Og dei som likar seg på heilt vanlege alpinski i slalåmbakken.

– Eg kan ikkje hugse sist det kom så mykje på så kort tid. Vi skulle gjerne porsjonert det utover, men dette er eit luksusproblem vi jublar over. To meter snø på fire dagar bergar påska og langt utover våren tenkjer eg, seier han.

Forholdsreglar

Krister Kristensen

ÅTVARAR: Krister Kristensen ber folk vere varsame og ta sine forholdsreglar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Skredforskar Kristensen vedgår at sjølv om snøen kan vere både fin og flott, så er det knytt stor fare med den når ein beveger seg utanfor den preparerte alpinbakken.

Det er mange forholdsreglar ein kan ta før ein legg ut på tur.

– Det viktigaste er å tenkje på kvar ein ferdast. Snakk med kjentfolk så du ikkje rotar deg borti bratta. Er du blant dei som køyrer bratt og vurderer snøforhold, er det viktig å ha med det som finnast av tryggleiksutstyr, seier han og legg til:

Snakk om minuttar

– Airbag-sekk, spade, søkestong og sendar/mottakar er tinga du bør ha med. Å grave i snøen med ski eller hender tek for lang tid. Ha difor med ein lett aluminiumsspade.

Ein sendar/mottakar gjer ein lett å finne om ein skulle bli gravlagt av snømassar. Når uhellet først er ute, skil det berre minuttar frå ein lukkeleg til ein tragisk utgang.

– Tida er nesten alltid avgjerande. Blir ein teken, så tek det ikkje mange minuttane før ein kan bli medvitslaus, seier han.