Lukka bystyremøtet - familie kasta på gangen

Bystyret i Flora gjekk mot 10 røyster inn for å lukke saka der dei skulle handsame den såkalla klientsaka.

Familien Liset i Florø

KASTA PÅ GANGEN: Arnt og Iren Liset fekk ikkje vere tilstades på møtet der saka deira blei behandla.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Bystyret skal avgjere om helse- og sosialutvalet sitt vedtak om behandlingstilbodet til ein utviklingshemma gut skal stå ved lag eller ikkje.

Mor Iren Løset er opptrekt over å bli kasta på gangen der saka som handlar om sonen hennar skal diskuterast.

– Men slik vi har blitt behandla, så forbausar det meg ikkje så mykje. Men eg hadde hatt meir tru på politikarane våre om dei ville sjå det menneskelege. Vi foreldra har diskutert dette med advokaten vår og kome fram til at vi ville sitje å høyre på, unansett kva påkjenning det er, seier ho til NRK.

– Kva tenkte du då dei lukka møtet for denne saka?

– Eg tenkte at dei har masse å skjule, seier ho.

– Kor spent er du på utfallet?

– For vår familie er det om vi skal bu i Flora kommune eller ikkje. Dersom bystyret tolerer ei slik behandling av sine innbyggjarar som vi har fått, ser vi oss om etter ein kommune der vi er velkomne.

Overprøvde administrasjonen

Bakgrunnen for saka er at Høgre-politikaren Jacob Nødseth kalla inn til eit ekstramøte i helse- og sosialutvalet i Flora om kommunen sitt behandlingstilbod til ein utviklingshemma gut.

Helse- og sosialutvalet overprøvde administrasjonen, og det har skapt strid. Sjølv om vedtaket i utvalet var samrøystes, vart Jacob Nødseth si rolle likevel ei sak i kontrollutvalet i kommunen.

Skal avgjere om vedtaket står ved lag

I dag skal bystyret i Flora avgjere om helse- og sosialutvalet sitt vedtak står ved lag eller ikkje. Politikarane har også fått tilsendt eit notat om Jakob Nødseth sin oppførsel.

I notatet om Nødseth går det fram at han har truga tilsette i administrasjonen med å gå til media om dei ikkje gjorde som han ville. Eit notat med Jacob Nødseth sin versjon skal ikkje vere distribuert på same måte.

– Ønskjer debatten velkommen

Før saka skulle opp, sa Nødseth at han håpa at det viktigaste er at guten det er snakk om skal få eit verdig liv.

– Vi politikarar skal hjelpe dei svake i samfunnet og Flora skal vere ein kommune som hjelper dei som treng det. Eg registrerer at enkelte prøver å vri fokuset vekk frå feil dei sjølv har gjort, til å påstå at eg har gjort det. Eg ønskjer ein debatt om dette velkommen. Som offentleg person må eg stå til rette for det eg har gjort, sa han til NRK.no.

Bystyremøte i Florø

GJEKK INN FOR Å LUKKE MØTET: Fleirtalet i bystyret gjekk inn for å lukke møtet i kveld.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK