Hopp til innhold

Luftsportsutøvar omkom etter fallulukke

Ein utøvar av luftsporten speedriding omkom i Aurland etter at han først landa på eit hustak og deretter ramla ned.

Dødsulukke i Aurland

FALL FRÅ TAK: Ein utøvar av sporten speedriding omkom etter å ha falle ned frå eit tak i Aurland.

Foto: NRK.no-tipsar / NRK

Ulukka vart meldt klokka 13.34. Politiet var raskt på staden og både ambulanse og luftambulanse vart kalla ut.

Klokka 14.39 melder politiet at vedkomande omkom som følgje av skadane han pådrog seg i fallet. Den omkomne er frå Sotra og i midten av 30-åra.

Dødsulukke i Aurland

OMKOM: Ambulansepersonell og politi sette i gong livberging. Mannen i 30-åra vart seinare stadfesta omkomen.

Foto: NRK.no-tipsar / NRK

– Det kom raskt folk til staden, mellom anna ein polititenestemann som budde like i nærleiken. Det vart sett i gong behandling av den skadde. Det heldt dei på med heilt til det vart opplyst til oss at vedkomande var død, seier operasjonsleiar Per Rimmen.

Ifølgje politiet var det ingen andre i lufta, men den omkomne hadde folk han kjente på bakken som var vitne til fallet.

– Kva vil politiet gjere for å finne årsaka til ulukka?

– Politiet har starta avhøyr av vitne på staden. Personane som var i same følgje som den omkomne vil bli avhøyrt i løpet av ettermiddagen, seier Rimmen.

Speedriding er ein sport som liknar på paragliding, men som skil seg ved at utøvaren flyg nær bakken, om vinteren gjerne med ski på beina.

Ulukke i Aurland
Foto: NRK.no-tipsar / NRK
Ulukke i Aurland
Foto: NRK.no-tipsar / NRK
Ulukke i Aurland