Hopp til innhold

Luftetur kosta hundeeigaren dyrt

Ein hundeeigar frå Sunnfjord må betale til saman 12.000 kroner etter at hunden hans gjekk til angrep på ein turgåar.

Hendinga fann stad i fjor vinter då ei kvinne på joggetur vart biten fleire gonger av den rundt 50 kilo tunge hunden.

Kvinna fekk både skrubbsår og blåmerke, samt at treningsbuksa vart øydelagd.

– Det er etter rettens syn meir tilfeldig at hendinga ikkje fekk større følgjer for fornærma, skriv tingrettsdommar Bjørn Gunnar Sælen.

Ikkje i band

Mannen hadde ikkje hunden i band då hendinga skjedde. I retten forklara han at vêret var så dårleg at han ikkje venta å møte andre menneske på ettermiddagsturen.

Hundeeigaren meinte det var kvinna sjølv som framprovoserte angrepet ved at ho kom brått på både han og hunden på den smale vegen. Dette utløyste hunden sitt framtredande beskyttelsesinstinkt. Mannen meiner kvinna burde stått i ro under passeringa.

Bot, erstatning og sakskostnader

Fjordane tingrett meiner derimot at mannen bagatelliserte angrepet – og ikkje gjorde nok for å hindre det. Hunden gjekk 15–20 meter framfor mannen då kvinna såg dei to frå 50–100 meter avstand. Ho gjorde seg til kjenne før passering og hevda ho stod i ro då hunden snudde og gjekk til angrep på henne. Hundeeigaren beklaga hendinga seinare same dag.

Retten meiner mannen handla aktlaust då han ikkje hadde hunden i band, og ikkje gjorde nok for å hindre at den gjekk til åtak.

I tillegg til 5.000 kroner i bot for brot på hundelova, må mannen betale kvinna 2.500 kroner i erstatning. Han må også betale 5.000 kroner i sakskostnader til det offentlege.