NRK Meny
Normal

Luftambulansen flytta på hotell

Sjukehuset sine lokale full av muggsopp.

Luftambulansen i Førde

Dei tilsette i luftambulansen må bu på hotell etter at ein rapport om elendig inneklima på luftambulansebasen vart kjendt.

Foto: Steinar Lote / NRK

Luftambulansebasen ved Førde Sentralsjukehus vart i går ettermiddag flytta til Sunnfjord Hotell.

- Brakkeriggen ved sjukehuset har så dårleg inneklima at Norsk Luftambulanse ikkje fann det forsvarleg å ha mannskap på vakt der, seier informasjonssjef Marte Romberg.

Rapport årsaka

Luftambulanse tek av frå Førde sentralsjukehus

Det vert arbeidd med å lage ein ny landingsplass for luftambulansen ved Førde sentralsjukehus. Den som er der no er for liten.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

I dag held luftambulansebasen i Førde til i ei mellombels brakkeløysing og plasthangar.

Men korkje brakkeriggen eller hangaren ved sentralsjukehuset stettar krava det er til bustad for mannskap på vakt, og held heller ikkje mål som teknisk verkstad.

Norsk Luftambulanse bestilte ein rapport av forholda for vaktmannskapet då det oppstod mistanke om muggsopp i brakkene.

Muggsopp i bygget

- Det har vore mistanke om at inneklimaet ikkje har vore bra, og difor bestilte vi ein rapport om det. Og den viste at mistanken om at det er muggsopp der var rett. Og det måtte vi ta konsekvensen av.

Dermed vart det onsdag ettermiddag gjort hastevedtak om å flytte mannskapet.

Mannskapet på luftambulansen er på vakt døgnet rundt, og oppheld seg difor mykje i bygget.

- Vi må ta omsyn til helsa til dei tilsette, seier Romberg.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå