Hopp til innhold

Løyvde lommerusk til flaskehalsar

Dei fire regiondirektørane i NHO på Vestlandet er ikkje nøgde med "lekkasjen" samferdsleminister Liv Signe Navarsete kom med på stamvegkonferansen i Førde i dag.

Stamvegkonferanse for E39 i Førde.
Foto: Ann-Iren Finstad / NRK

Utbetringsarbeidet av ferjekaiane på Lavik og Anda får tilsaman 30 millionar kroner i oppstartsløyving.

- Dei fire vestlandsfylka driv 50 prosent av eksporten i heile landet. E39 har vore forsømt over så lang tid, at det skulle berre mangle, seier Karin Halle, regiondirektør i NHO.

- Treng langt meir

I tillegg til 20 millionar kroner i oppstartsløyve til kaien i Lavik, og ti millionar kroner til kaien på Anda, ligg den såkalla Førde-pakken inne med fire millionar kroner i budsjettet for 2010.

- Vi er sjølvsagt nøgde med dei tre postane som vart lagt fram. Det er ein start, men vi treng langt meir. Vi må opp i 2,3 milliardar kroner i auke per år for at alt skal bli ferdig i løpet av tjue år, seier Halle.

Nøgd Følling

Millionlovnadane vart lagt fram under stamvegkonferansen om E39 i Førde. Politikarar og næringsliv frå heile fylket deltek i konferansen der gul stripe på heile E39 er visjonen. Ordførar i Gaular, Jenny Følling, er nøgd med det ho høyrde.

- Det betyr at ein kan starte på flaskehalsane på E39 så snart planane er klare, og halde fram til arbeidet er ferdig, seier ho.

Vil flytte E39

- Det betyr også at ein kan kjøpe seg fire år med planlegging på Førde-pakken, slik at ein kan vere klar inn mot arbeidet med neste NTP. Det er veldig viktig, seier Følling.

Førde-pakken omhandlar omlegging av stamvegtraseen. E39 skal ut av Førde. Tunnel frå Langeland er mellom omtala alternativ. Navarsete tala også varmt for eit nytt gang- og sykkelvegsystem i Førde.

- Det er eit viktig signal for å utvikle Førde sentrum til ein god plass å drive næring, bu og arbeide, meiner Følling.