Hopp til innhold

Lovar betring – men først i slutten av februar

Problem med lading har vore eit gjentakande problem for Norled og batteriferja Ampere på sambandet Lavik – Oppedal. No lover Norled betring, men først i slutten av februar.

Ampere er på plass i Lavik

SKAL PÅ SERVICE: Norled håpar det snart skal vere slutt på ladeproblema for Ampere.

Foto: NRK-tipsar

Seinast tysdag sleit Ampere igjen med ladinga. Det førte til at 10 einskildturar vart innstilte.

– Årsaka til ladeproblema i dag har vore for låg ladespenning på ladestasjonen på den eine sida, seier Inge Andre Utåker, som er regionsjef for ferjer i Norled.

Verdas første batteridrivne ferje har vore i drift på E39-sambandet Lavik-Oppedal frå 16. februar 2015. Heilt sidan oppstarten har Norled hatt problem med ladinga. I desember i fjor vart 79 av 979 innstilte. Så langt i å er 26 avgangar innstilte på grunn av ladeproblem.

Vind gav utfordringar

Som oftast er det sterk vind som fører til trøbbel og kanselleringar for Ampere. Årsaka er at batteriferja då må bruke meir straum på veg over fjorden enn dei greier å lade opp medan dei ligg til kai.

Inge Andre Utåker

HÅPAR PÅ ROLEGARE DAGAR: Inge Andre Utåker er regionsjef for ferjer i Norled.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Då går batterikapasiteten sakte med sikkert ned og ferja må då av og til stå over ein overgang for å få fullada batteria, seier Utåker.

Betring i vente

Etter planen skulle Ampere allereie vore teken ut av drift for å få service og utbetra problema. Utbetring er no planlagt til slutten av januar og då lovar Utåker betring på problema.

– Vi skal no byte ut dei delane som tek i mot straumen om bord, slik at dei får større kapasitet. Det betyr at vi kan lade hardare når vi ligg til kai, og det betyr igjen at det vert lettare å fylle batteria, seier Utåker.

Årsaka til at dette ikkje har vorte gjort tidlegare er at det har tatt tid å finne det som har vore den viktigaste flaskehalsen. Når ferja no er til service vert også batterikapasiteten utvida.

– Dette ser vi fram til å få gjort. No håpar vi at både publikum og vi her på kontoret kan få litt meir ro i kvardagen seier Utåker.