Hopp til innhold

Losnaspelet kan verte avlyst

Losnaspelet i Solund kan i år bli avlyst om dei ikkje får meir pengar.

Sogespelet treng 60 000 kroner, men fylkeskommunen har berre sett av 10 000 kroner til spelet og kulturrådet har ikkje sett av midlar i det heile.

- Datoen nærmar seg stygt, og pengane er ikkje på plass seier regissør og styremedlem Rolf Losnegård til avisa Firda.

Fylkeskulturdirektør Ingebjørg Erikstad seier det er stadig fleire søkjarar som kjempar om stadig mindre midlar.

Sogespelet handlar om Losnaætta som i si tid var ei av landets mektigaste.