Hopp til innhold

Lønsame kulturminneplanar

Gro-bygget i Hornindal, Selje kloster og Kystpilegrimsleia har fått til saman 750.000 kr i statlege verdiskapingsmidlar frå Riksantikvaren. Fylkesrådmannen seier at dette er resultat av det fylkeskommunale prosjektet Lokale kulturminneplanar. Prosjektet skal styrke lokale kulturminneverdiar. Alle kommunane i fylket skal vedta ein kulturminneplan, som skal hjelpe dei å prioritere, engasjere og motivere til satsing på kulturminne.