Hopp til innhold

Loke kostar fylket dyrt

Uvêret Loke førte til skader for fleire millionar kroner i Sogn og Fjordane. Verst var det i Indre Sogn.

Ras på Berstad i Stryn 14. november 2005
Foto: Oddvin Vonheim

Berre i Årdal har uvêret gjort skade for rundt 1,3 millionar kroner. Kommunane kan søkje fylkesmannen om ekstraordinære skjønsmidlar. Men rådgjevar Ragnhild Fjærestad seier årets pott er brukt opp.

Også store skadar i Høyanger

Også i Høyanger gjorde uvêret og flaumen i november stor skade. Totalt får dei ei ekstrarekning på 975.000 kroner. I Jølster har uvêret gjort skade for 75.000 medan Gulen må dekke inn 55.000 ekstra.

 

Får framleis inn skademeldingar

Førebels har ikkje Ragnhild Fjærestad hos Fylkesmannen fått inn den totale oversikta, men ho vil sende sakene vidare til Kommunaldepartementet. Kor stor sjanse det er for å få midlar, er vanskeleg å seie. - Vi har hatt eksempel på at kommunar har fått midlar tidligare, seier Fjærestad.