Hopp til innhold

Trenaren nøgd med livsviktig poeng borte

Førde kjempar ein knallhard kamp for å overleve i andredivisjon. I dag møtte dei eit toppa Stabæk 2 borte, og kjempa seg til eit livsviktig poeng.

Knut Erik Folland (t.v.) og Torbjørn Glomnes

NØGD: Førde-trenar Knut Erik Folland (t.v.) er svært nøgd med prestasjonen etter 1–1 borte mot Stabæk 2 i dag, og er full av lovord om innsatsen til spelarane. (Arkivfoto).

Foto: Rune Fossum / NRK

– Kvart einaste poeng er svært viktig no, for å skape avstand nedover, seier Førde-trenar Knut Erik Folland til NRK like etter kampen.

Stabæk tok føringa, og leda 1–0 til pause. Men midt i andre omgang utlikna Kristoffer Haaland Iversen for Førde. 1–1 vart også sluttresultatet

– Veldig god prestasjon

Stabæk kom til kampen a poeng med Førde, og begge lag kjempar for å halde seg i andredivisjon. Difor stilte Stabæk med eit godt lag i kveld.

– Me møter eit lag med mange førstelagsspelarar som har spelt i Tippeligaen. Dette er det beste laget dei har stilt i år, så dette er ein svært god prestasjon, seier Folland.

Han er full av lovord om spelarane sin innsats.

– Alle står opp og gir gass. Dei syner at dette betyr noko for dei.

Vil fokusere på prestasjon

Folland seier at laget vart endå betre utover i kampen.

– Vi fekk justert presset i andre omgang, så då vart det endå betre.

Folland er nøgd med få tap i haust, men seier laget må byrje å gjere om uavgjort-kampar til sigrar om plassen skal bergast.

– Vi må byrje å innkassere trepoengarar. Men i dag vil eg fokusere på prestasjon, for dette var veldig bra, seier Folland.

Uavgjort betyr at Førde held bærumslaget bak seg på tabellen. Førde ligg så høgt som åttandeplass på tabellen, men har saman med Stabæk likevel berre tre poengs margin ned til nedrykksstreken.

Brann 2 som ligg på nedrykksplass tapte sin kamp mot serieleiar Åsane i dag.