Hopp til innhold

Liv Signe hamna på plenen til Franz

Statsråd Liv Signe Navarsete er skjelven etter at ho fekk ein litt uheldig start på påskeferien heime i Lærdal.

Liv Signe Navarsete køyrde ned gjerde

PÅ PLENEN: Bilen til Liv Signe Navarsete køyrde ned postkassa og litt av gjerdet.

Foto: Johannes Halland

For måndag ettermiddag enda bilen hennar på plenen til Franz Henriksen etter å ha køyrt ned gjerdet og postkassen hans, skriv vg.no .

Pressekontakten til Navarsete, statssekretær Erlend Fuglum, seier uhellet skjedde då ho kom køyrande bak ein annan bil som brått bremsa ned.

– Ho rakk ikkje å stanse og trefte den høgre bakskjermen på bilen framfor, seier Fuglum til VG.

Liv Signe Navarsete

SKJELVEN: Liv Signe Navarsete.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Ifølgje Fuglum har Navarsete påteke seg fullt ansvar for uhellet. Han seier at statsråden ikkje køyrde fort då uhellet skjedde.

Franz Henriksen synest ikkje eit øydelagt gjerde og postkasse er så mykje å snakke om.

– Det gjekk nok verst ut over bilen hennar. Dette er slikt som kan skje den beste. Når du bur tett innpå hovudvegen slik vi gjer må du rekne med å få ein bil i hagen av og til, seier Henriksen til VG.