NRK Meny
Normal

Liv Signe får kjeft av aksjonistar

Nasjonal rassikringsgruppe, med Ap-politikar Åshild Kjelsnes frå Flora i spissen, er misnøgd med Regjeringa og samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa har redusert løyvingane til rassikring på landsplan med 40 millionar kroner i statsbudsjettet for 2008. I tillegg har bompengefinansieringa auka med 21 millionar kroner.

Treng 20 milliardar

- Nasjonal rassikringsgruppe er sjokkert over ein reduksjon av innsatsen på dette området når behovet for rassikring er stort og aukande, seier Åshild Kjelsnes, leiar i denne nasjonale rassikringsgruppa.

Rassikringsgruppa meiner behovet for investeringar er godt over 20 milliarder kroner.

Vegsjefen er godt nøgd

I årets statsbudsjettframlegg er det løyvd 160 millionar kroner til rassikring i Sogn og Fjordane. Regionvegsjef Signe Eikenes er godt nøgd med løyvinga som ho omtaler som vesentleg.

Men det er også ei kjensgjerning at fleire prosjekt er finansiert med bompengar, og det meiner nasjonal rassikringsgruppe er feil.

Vegopning på Bergum i Førde kommune