Hopp til innhold

Liten tillit til Lærdalsordføraren

Berre 18 prosent av lærdølene har tillit til ordførar Arne Sanden etter konflikten mellom han og rådmann Bent Arild Grytten.

Arne Sanden

Berre 18 prosent har tillit til lærdalsordførar Arne Sanden etter konflikten mellom han og rådmannen.

Foto: Håvard Holme / NRK

Det viser ei undersøking som Norstat har gjort på oppdrag frå NRK Sogn og Fjordane, etter den sterke konflikten mellom ordførar og rådmann.

- Slik som situasjonen var, alle snakka om det, så var det fort at ein ville få opp ein slik prosent, seier leiar i kontrollutvalet, Jan Olav Fretland.

- Ingen følgjer

Fretland er ikkje overraska over resultatet av undersøkinga som vart gjennomført i byrjinga av førre veke. 72 prosent svara at dei har tillit til rådmannen. Undersøkinga viser samstundes at 60 prosent ikkje har tillit til ordførar Sanden. Ein av fem svarte veit ikkje.

Gruppeleiar i Ap, Geir Berge Øverland, seier resultata ikkje får nokon konsekvens.

- Vi har eit samrøystes vedtak frå kommunestyret, og vi held oss til det. Eg reknar også med at ordførar og rådmann held seg til det, seier han.

Blir premiert

Striden har vart sidan før jul etter at rådmannen og ordføraren rauk uklare etter handsaminga av 2010-budsjettet. Rådmannen hevdar han vart truga og pressa til å seie opp stillinga . Ordføraren avviser skuldingane mot han.

- Både eit samla kommunestyre og media har heilt klart gjeve uttrykk for at det er vanskeleg å sjå store feil i arbeidsmåten som rådmannen har vald. Då er det flott at han får premie for det gjennom eit godt prosenttal her, meiner Fretland.

Vil endre seg

Grytten vil ikkje uttale seg på radio, men er glad for støtta. Han legg til at han også har fått berre positive tilbakemeldingar frå innbyggjarar og tilsette. Ordførar Arne Sanden er sjukemeld og ynskjer ikkje å svare på spørsmål frå media.

Fretland trur at prosentfordelinga blir annleis når alt roar seg, men trur også at enkelte ting må til for at innbyggjarane skal få større tillit til Sanden.

- Det å høyre ein ordførar som seier noko om korleis nooko kunne vore gjort annleis, kva ein vil gjere i framtida og framleis ha spandane initiativ, seier han.