NRK Meny
Normal

Lettmjølk blir lettmelk

Mållaget er svært skuffa over at Tine i går vedtok endringane på bruk av nynorsk på mjølkekartongane.

Meieri

Lettmjølk blir lettmelk etter vedtak i konsernstyret i Tine i går.

Foto: Tor Sivertstøl / NRK

Konsernstyret i Tine vedtok i går dei omstridde endringane av språket på mjølkekartongane. Ordet mjølk vert dermed borte som logo på all søtmjølk.

- Målpolitisk vedtak

Noregs Mållag er svært skuffa over vedtaket og seier dei ser vedtaket som eit målpolitisk vedtak og ikkje eit administrativ eller økonomisk grunngjeve tiltak.

- Argumentasjonen for vedtaket var at dei skulle spare pengar. Vi har vist fleire gongar korleis dei kan gjere same effektiviseringa av kartongar og spare like mykje pengar, utan å kutte ’mjølk’ i frå logoen. Det har jo ingenting med kvarandre å gjere, seier ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Hege Myklebust.

Surmjølk og lettmelk

Noregs Mållag har kjempa ein hard kamp for å berge ordet mjølk som logo på kartongane med søtmjølk i nynorskdistrikta. Vedtaket i konsernstyret i Tine fører til at produkta av kulturmjølk framleis får nynorsk, medan ei side på søtmjølkvariantane over heile landet med faste intervall skal vere på nynorsk.

- Det er bra isolert sett at det blir nynorsk tekst på sidene av kartongen. Men eg skjønnar ikkje kvifor dei i same operasjon skal fjerne ’mjølk’ i frå logoen, det heng ikkje saman, seier Myklebust.

Ho likar ikkje at søtmjølka som folk drikk mest av no vert til ’melk’.

-Meir nynorsk

Men konserndirektør Elisabet Morthens i Tine meiner at nynorsken på mjølkekartongane i røynda vert styrka.

- Nynorsken vert så absolutt styrka. No vil det bli ca 40 millionar kartongar med nynorsk tekst, mot tidlegare 17 millionar. Så vi aukar jo nynorskbruken betrakteleg med dette vedtaket, forklarar Morthens.

Gir ikkje opp

Leiaren i Noregs Mållag Hege Myklebust veit foreløpig ikkje om det er mogleg å kome lenger i kampen om å behalde mjølk i logoen.

- Det er vanskeleg å vurdere, men vi gir oss ikkje så lett.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå