Hopp til innhold

Lettare skadd etter å ha vorte klemd mellom vogntog og autovern

Ein 47 år gammal lastebilsjåfør kom i føremiddag i klem mellom lastebilen og autovernet om lag tre kilometer opp frå Hjelle på riksveg 651 i Stigedalen.

Vogntog kom på skli

I KLEM: Lastebilføraren skal ha komme i klem mellom køyretøyet og autovernet på staden.

Foto: Erling Wåge / Fjordenes Tidende

Vegvesenet melde klokka 9.20 om eit trafikkuhell i Stigedalen.

Operasjonsleiar Marianne Føleide ved politiet sin operasjonssentral i Sogn og Fjordane seier eit større køyretøy var involvert i hendinga.

– Det er førar av lastebilen som er skadd. Det vi reknar med har skjedd er at han har vore ute av lastebilen, og så har han kome i klem mellom lastebilen og autovernet, seier Føleide.

Like før klokka 11.00 melder AMK at mannen er lettare skadd.

Skal ha gått bra med føraren

Det var forbipasserande trafikantar som melde frå.

– Vi veit ikkje kor lenge han har vore i klem, seier operasjonsleiaren.

Det skal ifølgje politiet etter forholda ha gått bra med føraren som er komen laus og er send til lege på Eid for sjekk.

Hendinga blir rutinemessig etterforska.

Vegen var ei stund stengd på staden, men like etter klokka 10.30 melder Statens vegvesen at vegen er opna att.

– Strøbil er på veg også, seier Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Riksveg 650 mellom Hjelle og Stigedalen