Hopp til innhold

Letta over at flyplassane får leve fire år til

OSLO (NRK): Gloppen-ordførar Anders Ryssdal (Sp) er glad for at flyplassen på Sandane ikkje blir lagt ned no. Også fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) er letta.

Anders Ryssdal og Åshild Kjelsnes

SPENTE: Her er Gloppen-ordførar Anders Ryssdal (Sp) og fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) under presentasjonen av Avinor-rapporten.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Men det er berre for den kommande fire års-perioden. I det korte biletet er det greitt og gledeleg, men på lengre sikt – mot 2019 – er eg meir usikker, seier Kjelsnes.

I Sogn og Fjordane har det vore knytt stor spenning til kva Avinor kom til å seie i forhold til Sandane lufthamn Anda og Førde lufthamn Bringeland.

Vil heller effektivisere

I ettermiddag la Avinor fram si tilråding for den framtidige flyplasstrukturen i Noreg.

Avinor vil redusere kostnadene med 100–150 millionar kroner dei neste fire åra, men vil heller effektivisere drifta enn å leggje ned lokale flyplassar.

– Vi har bestemt for å behalde og å effektivisere alle dei 29 lufthamnene vi har i Noreg i dag, sa strategidirektør Jon Sjølander.

Konsernsjef Dag Falk-Petersen (t.h.) og strategidirektør Jon Sjølander

VIL BEHALDE FLYPLASSANE: Konsernsjef Dag Falk Petersen (t.h.) og strategidirektør Jon Sjølander (t.v.) under presentasjonen av rapporten.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes merkar seg dei klare krava om innsparingar og effektiviseringar.

– Eg merkar meg også at dei har delt opp lufthamnene i fire kategoriar ut frå passasjerulemper som dei reisande vil få. Der ser eg at Sandane vil liggje i ein utsett kategori, medan dei andre blir karakterisert med større ulempe, seier ho.

Glad ordførar

Ordførar Andres Ryssdal (Sp) i Gloppen er glad for at Avinor ikkje tilrår nedlegging i denne omgang. Lufthamna i kommunen var ei mange frykta ville bli nedlagd.

– Eg syns det er positivt at vi får behalde flyplassane. Politikarar må ta omsyn til samfunnsnytten. Vi har bedriftene som er avhengige av Sandane lufthamn for å kunne drive. Dette må leggast stor vekt på, seier han.

– Avinor legg stor vekt på automatisering og effektivisering. Er det grunnlag for ei slik effektivisering?

– Det er det nok. Luftfarten kostar, det har vi fått servert gong etter gong. Sandane lufthamn er ikkje dyrare å drive enn andre flyplassarm, men vi forstår at det blir ein gjennomgang.

– Er du overraska over det du fekk høyre i dag?

– Nei, eigentleg ikkje, seier han.

Forslaget til Avinor blir no sendt til Samferdsledepartementet, som sender saka ut på høyring. Avgjerd er ikkje venta før i juni 2017. Avinor skal gjere ei ny vurdering av flyplasstrukturen i 2019.