Måndag er alle dei 76 streikande bryggeritilsette ved Lerum fabrikker tilbake på jobb. Sogneverksemda har derfor berre hatt ein dag med produksjonsstogg som følgje av denne konflikten.
Verre råka av transportarbeidarkonflikten
Lerum er framleis hardt råka av transportarbeidarstreiken, og har til no tapt kring 5 millionar kroner på den konflikten.
Også ved Olden brevatn var 11 tilsette tekne ut i bryggeriarbeidarstreiken som no er avslutta.