I dag blir plastflaskene vaska etter at dei er panta og retunerte til fabrikkane. Men Lerum har alltid meint at vaskemidlane som blir nytta for å få desse flaskene reine er mykje meir skadeleg for miljøet er å lage nye plastflasker.
Lang tranport
Bjarne Lerum.
Bjarne Lerum ved Lerum Fabrikker viser også til at tomme flasker no vert transportert langt for å nå saft- og brusfabrikkane. Han er glad for eit framlegg frå regjeringa om å fjerne avgifta på eingongsflasker.
Natur og Ungdom usamde
Men ikkje alle er like overbevist. Patrick Talatas i Natur og Ungdom meiner ordninga ein har no med at flaskene blir brukt om att, er mindre kraftkrevjande og dermed betre for miljøet. Han meiner det beste er å vaske flaskene.