Hopp til innhold

Leitte etter bjørnen med helikopter

Fylkesmannen ga i går løyve til å leite etter bjørnen med helikopter. 

I dette området skal dei leite etter bjørnen
Foto: Arne Eithun / NRK

Både fjelloppsynsmannen i Luster og jegerar frå jaktlaget flaug i går ettermiddag over Jostedalsbreen for å sjå etter spor av bjørnen. Det stadfestar Hermund Mjelstad hos Fylkesmannen.

- Vi fekk spørsmål om vi kunne godkjenne ein helikoptertur, og vi fann ut at dette var ein god ide, seier han.

Såg ingen spor

Heilt sidan Fylkesmannen onsdag kveld ga fellingsløyve på bjørnen som har herja i Jostedalen den siste tida, har bøndene bede Statens naturoppsyn, SNO, om å få lov til å leite etter spor av bjørnen med helikopter. Og i går ettermiddag bestemte Fylkesmannen seg altså for å gi dette løyvet. Deretter gjekk det svært kort tid før fjelloppsynsmann og jegerane var på tur over breen.

- Dei reiste på helikoptersøk i går. Resultatet var negativt, for dei fann ingen spor. Det kan tyde på at bjørnen framleis er i Jostedalen, seier han.