Hopp til innhold

Offisiell leiting avslutta, men eritrearar vil halde fram

Den offisielle leitinga etter den sakna eritreiske 24-åringen i Årdal er avslutta.

Sakna asylsøkjar frå Eritrea

FRAMLEIS SAKNA: Eritrearen som har vore sakna sidan 21. mai. Bileta er frå då han deltok i Vettisløpet i fjor.

Foto: Privat

Det er konklusjonen etter eit møte onsdag mellom regionlensmann Arne Johannessen, lensmann Magne Knudsen i Årdal, leiinga ved asylmottaket i Årdal og represntantar for det eritreiske miljøet i kommunen.

Arne Johannessen seier at dei vil legge til rette for hjelp til dei eritrearane som vil leite vidare.

– Dei har veldig lyst til å halde fram leitinga. Det forstår vi, og vi har gjort ein avtale om at vi skal legge til rette for at dei får med seg kjentfolk, og at dei får eit skikkeleg organisert system, og det vil lensmannen i Årdal bidra med.

Arne Johannessen

AVSLUTTAR LEITINGA: Regionlensmann Arne Johannessen.

Foto: Christian Blom / NRK

Den 24 år gamle eritreiske mannen hadde fått opphald i Norge, men budde inntil vidare på Årdal asylmottak. Han har vore sakna sidan torsdag 21. mai.

– Skal aldri gi opp håpet

Det er leita grundig i fleire omgangar etter den sakna, utan resultat. Men regionlensmann Arne Johannessen ser ikkje bort frå at dei som held fram letinga kan finne eritrearen.

– Ein skal aldri gi opp håpet, det har vist seg før at ein kan finne folk lenge etterpå. Men eg opplever at det er gjort ein veldig grundig jobb, det har vore mobilisert noko heilt fantastisk frå lokalsamfunnet i Årdal.

Etterforskinga som politiet har gjort tyder ikkje på at mannen kan ha reist frå Årdal, seier Johannessen.

– Vi står heilt utan spor, mobiltelefonen låg att, og slik det såg ut i bustaden hans er det ingenting som tyder på at han har reist, det er heller ikkje bevegelse på bankkortet hans. Det er absolutt ingenting som tyder på at han hadde tenkt seg langt av garde.