Hopp til innhold

Mann funnen med beinbrot etter leiteaksjon

Rundt midnatt fekk politiet melding om at ein mann i 60-åra ikkje var komen i hus etter ein fjelltur. Hjelpekorpset fann mannen, som hadde eit beinbrot, men elles var i fin form, klokka 05.42

Leiteaksjon Luster

Hjelpekorpset i Luster fann mannen på stien, like sør for Illvatnet.

– Luftambulansen, som var med i søket etter mannen, skal frakte mannen ut frå området, seier Operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Per Rimmen.

Ein fottur på ni-ti timar

Mannen forlét Sota sæter ca. klokka 08.00 i går, og skulle etter ein fottur på ni til ti timar og 29 kilometer ha kome fram til Nørdstedalseter.

– Mannen skal ha blitt observert ved Illvatnet rundt klokka 14.30, og skal ha haldt fram turen mot Nørdstedalseter, fortalde Rimmen, klokka 05.00

Luftambulanse vart sett inn i søket

Politiet hadde ingen indikasjonar på at mannen var skadd, men turen hadde tatt vesentleg lenger tid enn den skulle.

– Vi må finne ut om han har det bra, og om han treng hjelp, sa Rimmen, klokka 05.00.

– Dei opplysningane vi har er at denne karen ser ut til å vere fjellvand, sa han.

Politiet opplyste at dei hadde vore i kontakt med hovudredningssentralen og kalla ut hjelpekorpset i Luster, som var på plass ved Nørdstedalseter rundt klokka 04.00. Dei starta då turen innover mot Illvatnet.

– Hovudredningssentralen vil forsøke å få ein luftambulanse til å fly frå Sota sæter til Nørdstedalseter, fortalde Rimmen tidlegare i dag.

Godt vêr i området

I går når mannen la ut på tur var det gode temperaturar i området. No i morgontimane fortel politiet at det er ti grader, klart og vindstille.

Politiet har fått opplyst at det skal vere ein godt merka sti.

– Det er høgt til fjells og det skal vere greitt å gå. Men det er jo ein lang fottur, sa Rimmen klokka 05.00.