Hopp til innhold

Leiteaksjon etter mann i Loen

Ein polsk statsborger er meld sakna i Loen. Politiet har leita etter mannen sidan klokka 17 onsdag, men har ved 21.30-tida avslutta for kvelden.

Leiteaksjon i Loen, Vegard Tonning (midten) er aksjonsleiar for Røde Kors

AKSJON: Vegard Tonning (midten) er leiar for Røde Kors i leiteaksjonen.

Foto: Arne Vik

- Totalt har det vore 34 personar frå Røde Kors som har delteke i leitinga. I tillegg har ei politipatrulje og to redningshundar vore med, seier operasjonsleiar Arild Stokkereit ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Meld sakna av kamerat

Mannen som er 35 år gamal var saman med eit følgje på fem andre på Sande Camping i Loen. Dei skal etter det politiet kjenner til vere turistar.

- Mannen har vore vekke sidan i dag tidleg, og det var ein kamerat som tok kontakt med politiet, seier Stokkereit.

Politiet har vore i kontakt med både overnattingsstadar og arbeidsplassar i området, der det kan tenkast at mannen har teke kontakt. Men ingen har sett noko til han.

- Han snakkar berre polsk

Leiteaksjonen vart sett i gang rundt klokka 17 onsdag ettermiddag, men vart avslutta ved 21.30 tida onsdag kveld då mørket gjorde det vanskeleg å leite.

- Vi tek opp att leitinga i morgon, seier Stokkereit.

Utover natta vil politiet ha ein patrulje ute for å sjå etter mannen.

Politiet ber folk som kan ha sett mannen om å ta kontakt på telefon 02800.

Den sakna mannen på 35 år snakkar berre polsk og er 175 centimeter høg. Han skal vere tynt kledd, med mellom anna ei grøn Umbro fritidsjakke og blå dongeribukser.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.