Hopp til innhold

Leiteaksjon etter kvinne i 20-åra i Sogndal

Politiet har tysdag kveld sett i verk ein leiteaksjon etter ei kvinne i 20-åra. Siste kontaktpunkt med kvinna var laurdag.

Røde Kors deltek i leiteaksjonen i Sogndal.

AKSJON: Mannskap frå Røde Kors leitar saman med politiet og Norske Redningshundar etter ei sakna kvinne i 20-åra, i Årøy i Sogndal.

Foto: Christian Blom

SISTE: Redningsmannskapa avslutta leiteaksjonen tysdag kveld rundt klokka 23.30. Leitinga vil halde fram onsdag morgon frå klokka 09.00.

– Ingen har vore i kontakt med kvinna sidan laurdag, og vi har no sett i verk leiteaksjon. Kvinna skal bu i Årøy, og leiteaksjonen tek utgangspunkt i bustaden, seier Inge Værøy ved Politiets operasjonssentral.

Politiet har ikkje klart å kome i kontakt med kvinna gjennom familien eller vennekrinsen. Folk frå Røde Kors og Norske Redningshundar bidreg under leiteaksjonen.

Politiet har sett i verk ein leiteaksjon i Årøy i Sogndal, etter ei kvinne i 20-åra.

LEITAR: Politi, Røde Kors og Norske Redningshundar leiter i eit stort område i Årøy etter ei sakna kvinne i 20-åra.

Foto: Christian Blom

– Kvinna, som er tidleg i 20-åra er frå Sogn, og er ikkje i studentmiljøet. Vi veit ikkje kva klede ho hadde på seg, seier Værøy om kva spor dei har å gå etter.

Har de grunn til å tru at det har skjedd noko kriminelt?

– Vi har ikkje haldepunkt for at det har skjedd noko kriminelt, seier Værøy.

NRK får opplyst at leitemannskap brukar båt på vatnet og lyser inn mot land. Det blir også leita langs land og oppover fjellsidene. Mannskapa leiter også rundt om på gardane i området, og snakkar med folk som bur i Årøy.