Hopp til innhold

Leiteaksjon etter «kinesiske lykter»

Politiet har konkludert med at det truleg var «kinesiske lykter» som førte til at det søndag kveld vart sett i gang leiteaksjon i Frøysjøen.

Redningsskøyta Halfdan Grieg

Redningsskøyta Halfdan Grieg har søkt etter at det vart observert naudrakettar i Frøysjøen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Politet fekk telefon frå fleire personar som hadde sett at det vart skote opp tre naudrakettar i Frøysjøen frå Berle og mot Sørgulen i Bremanger. Meldinga kom inn rett etter klokka sju søndag kveld.

Redningsskøyta gjennomførte søk

Hovedredningssentralen og Florø Radio vart orientert om hendinga, og det vart sett i gong søk i området med redningsskøyta «RS Halfdan Grieg».

Nødraketter

Tre naudrakettar er observert i Frøysjøen søndag kveld.

Foto: Tor Andre Johannessen

Florø Radio gjekk ut med melding til sjøfarande om å være på utkikk i det aktuelle område.

– Det er gode søkjeforhold i området, og vi ser alt som ligger i sjøen. Slik det ser ut no er det ingen ting som tyder på at nokon er i naud. Men vi gjennomfører no eit nytt søk, fortel Bjørn Magnusen ved Hovudredningssentralen på Sola til NRK.

Trudde det var tull

Ved HRS kjende dei seg trygge på at nokon hadde skote opp naudrakettar på tull.

– Alt tyder på at det ikkje er nokon som er i naud som har fyrt opp rakettane, fortel Magnusen. Han kallar det arrogant, til fare for tryggleiken og dårleg haldning om det er nokon som har gjort dette for moro.

– Det er ikkje sjeldan vi får melding om slik bruk av naudrakettar. Det svekkar truverdet til systemet som skal redde livet til folk, seier Bjørn Magnusen ved Hovudredningssentralen.

«Kinesiske lykter»

Seinare på kvelden meldte personar i området frå til politiet om at det var sendt opp såkalla Kinesiske lykter i det aktuelle tidsrommet. Dette er lanterner i papir som blir sendt til værs. Dei kan brenne i opp til 30 minuttar og sveve 400-600 meter opp i lufta i ein stor radius.

Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) har ikkje konkrete tiltak mot slike lanterner i dag.

– Ein har konkludert med at det er desse som vart forveksla med naudrakettar, får NRK opplyst ved politiet sin operasjonssentral måndag morgon.