NRK Meny

Leitar etter mann

Politiet og frivillige vil i løpet av morgontimane forsøke å ta seg opp til ein støl i Guddalen i Fjaler, etter at ein mann i 70 åra ikkje har kome ned att etter ein tur fredag. – Det vart gjort forsøk på å ta seg fram i natt, men på grunn av dårleg vêr i området måtte ein avbryte. Det er ikkje telefondekning i området, seier Inge Værøy i politiet.