Hopp til innhold

Leitar etter dødsfly

Eit småfly styrta i Jostedalsbreen for 35 år sidan. Fjærlendingane ventar framleis på at flykroppen skal kome med breen.

Nils Paulsen
Foto: Øyvind Torvund / NRK

I 1972 styrta eit småfly midt oppe på Jostedalsbreen, og piloten omkom.

Utrekningar som Bremuseet i Fjærland gjorde etter ulukka viste at flykroppen skulle kome skliande ned gjennom Bøyabreen på slutten av 90-talet.

35 år etter ulukka ventar dei framleis.

Ventar ved brefoten

Ved foten av Bøyabreen står Nils Paulsen, som er dagleg leiar på Norsk Bremuseum. Lenger oppe på Jostedalsbreen skjedde den dramatiske flyulukka ein sommardag for nesten 35 år sidan. Og dei siste åra har bremuseet venta på at restane av det øydelagde flyet skal komme siglande ned under isen på Bøyabreen. Paulsen har samla ei rekkje dokument og avisutklipp etter ulukka.

- Det var lågt skydekke og såkalla blindføre den dagen. Flyet styrta like før det hadde passert det høgaste punkt bak Bøyabreen over mot Jølster. Hadde det vore 50 meter høgare, hadde det gått klar av breen, fortel Paulsen.

På veg frå Sogndal

5. juni 1972 var dansken Søren Taubro ute i det første flyet tilhøyrande Førde Flyklubb. Dansken som var busett på Årdal i Jølster arbeidde som veterinær i kommunen. Han hadde mellomlanda på Haukåsen i Sogndal og var på veg nordover då det gjekk gale. Siste gong han ga lyd frå seg var medan han flaug over Fjærlandsfjorden. Klokka 13 vart mannen meldt sakna.

- Det faktum at flyet styrta der det gjorde, tyder at det på eit eller anna tidspunkt mest sannsynleg vil komme ut. No kan det jo vera at berggrunnen under breen er slik at flyet vert liggjande, men det mest sannsynlege er at det føl rørslene i isen. Dermed sklir det sakte ut mot Fjærland og ned Bøyabreen, fortel Paulsen.

Funne etter fire dagar

Sidan flyet var på veg til Ørsta og Volda reiste dei første leitemannskapa til Sunnmøre og indre Nordfjord. Først to dagar etter styrten prøvde ein også å søke frå Jølster- og Fjærland-sida av Bøyabreen. Fire dagar etter ulukka vart det havarerte flyet funne, og dagen etterpå vart den omkomne mannen henta ned.

Og dei siste åra har altså fjærlendingane venta på at flyet skulle komme siglande ned.

- Men det som gjer at dette vert litt spekulasjonar, er at vi ikkje har nokon målingar for farten isen går med i området flyet styrta. Det vi derimot veit, er at isen i Bøyabrefallet går omlag to meter i døgnet. Dersom vi reknar med det tempoet frå der flyet styrta og fram til brefallet, vil det ta ein stad mellom 30 og 40 år før flyet kjem ut, seier Paulsen.

- Så då er det ikkje så lenge til då?

- Nei. Men no er det jo ingen som har stått på breen og studert kvart år om det fins bitar av flyet, så for den saks skuld kan jo flyet ha komme ut. Men vi håpar og trur at det er sånn omlag i år vi kan rekna med at det kjem.

Rekna på nytt

Bremuseet si første utrekning tilsa at flyet skulle komme ned på slutten av 90-talet. Når ikkje det skjedde, har dei gjort nye utrekningar. Tilbake på ved Bøyabreen ser Paulsen framleis fram til den dagen då flyet eventuelt vil komme.

- Det vert jo ei oppleving og ei god sak, meiner Paulsen.

- Er det slik at de følgjer ekstra godt med?

- Nei, eg vil ikkje seie det. Men vi er jo vakne for det. Vi på Bremuseet målar brefronten for NVE og vi fotograferer den ein gong i månaden, så ser vi noko så skal vi seie frå. For vår del er dette ei interessant sak - det handlar jo om bre og bevegelse i den. Så vi kjem nok til å laga ein liten historie - viss vi finn noko.