Statistikkar viser at ein person dør kvar veke fordi ein sovnar under bilkøyring. Statens vegvesen starta i fjor arbeidet for å redusere slike ulykker, og har i år tatt steget vidare med sommarkampanjen "stopp og sov i 15 minutt". Kampanjen er sett i gang for å få folk til å ta sovepausar når dei er på biltur.
100 000 gratis CD-ar
100 000 gratis CD-ar, som inneheld tips om avslapningsteknikkar for ein effektiv høneblund, skal delast ut, og Melås trur dette kan redusere problemet.
CD-en inneheld enkle teknikkar for innsovning, der ein oppnår avslapping ved å følgje instruksjonar. Melås meiner ein slik høneblund er ei enkel gratisforsikring.