Hopp til innhold

Fleire gamle legar og fleire vikarar

Gjennomsnittsalderen til legane i fylket er 50 år, og ein tredel er eldre enn 55 år. Vikarbruken går igjen opp, og det uroar fylkeslegen.

Per Stensland

UROA: Legane blir eldre og aukande vikarbruk er eit kvalitetsproblem, seier fylkeslege Per Stensland

Foto: Arne Stubhaug

Sidan år 2000 har fylkesmannen kartlagd rekrutteringa av legar utanfor sjukehus i Sogn og Fjordane.

Talet legar har auka med 20 prosent, frå 99 til 119 legar, i perioden 2000–2015. Denne auken er likevel frå eit lågt utgangspunkt samanlikna med andre fylke.

– Det er ganske gode tal, men det varierer veldig mellom kommunar, seier fylkeslege Per Stensland.

Forgubbing og fleire vikarar

Fylkeslegen er uroleg over forgubbing i legeyrket. 70 prosent av legane er menn, 30 prosent er eldre enn 55 år, og gjennomsnittsalderen er 50 år.

– Det er ein stabil kjerne, og ære vere dei for det. Men dei har ein tendens til å bli eitt år eldre for kvart år som går. Forgubbinga held fram, seier Stensland.

Om lag 13 prosent av legestillingane er dekka av vikarar. Det har vore ein reduksjon dei siste åra, men i fjor gjekk vikarbruken igjen opp.

– Når det blir mange opp i åra, er det ein del som ikkje kan køyre vakt. Då får dette vanskeleg, krevjande og fagleg interessante vaktarbeidet ein tendens å gå til vikarar og mindre erfarne turnuslegar. Det er eit kvalitetsproblem.

– Fryktar Fylkeslegen dette får konsekvensar for pasientane?

– Det er ikkje berre noko eg fryktar, men noko eg ser. Vi har hatt ein del tilsynssaker dei siste åra på vikarlegar som ikkje på nokon måte har hatt kvaliteten vi forventar av ein moderne legeteneste.

Rekrutteringsproblem

I fire av 26 kommunar – Årdal, Bremanger, Høyanger og Vågsøy – ser leiande kommunelege eller kontorleiar med uro på legerekrutteringa.

Seks kommunar – Bremanger, Lærdal, Aurland, Eid, Høyanger og Årdal – vurderer driftssituasjonen som vanskeleg.

– Nokre kommunar har spesielle vanskar, andre har særs stabil legeteneste og enkel rekruttering. Dei stadane som har størst problem må hauste erfaringar dei som gjer det bra, og få til nytenking for å kome i kontakt med den nye typen legar, seier Stensland

Han fortel at problemet med å rekruttere nye, yngre legar er landsdekkande, og større i distriktsfylke enn i sentrale strok.

– Mange unge legar er opptekne av fast tilsetjing, fast løn, og ikkje slik ein driv i byane som privat næringsdrivande. Ein må få til tilsetjingsforhold som møter unge barnefamiliar på ein ny måte, meiner fylkeslegen.