NRK Meny
Normal

Vil legge ned påstand om frifinning av legen som er tiltalt for aktlaust bildrap

I dag startar bildrapssaka mot ein dansk vikarlege etter dødsulukka på riksveg 15 i Vågsøy påska 2013.

Trafikkulukke på riksveg 15 ved Bryggja.

OMKOM: Ei polsk kvinne lèt etter seg seks born, mellom desse ein mindreårig, etter ulukka ved Bryggja.

Foto: Bjarne Eldevik

Mannen var på veg heim til Måløy etter nattevakt ved legevakta på Nordfjordeid. I 80-sona ved Bryggja frontkolliderte han med ein møtande bil.

Føraren av denne bilen, ei polsk seksbornsmor i 40-åra, omkom i den kraftige kollisjonen. Passasjeren i bilen, ein mann i 30-åra, fekk lettare skadar.

Høg fart og påverka

Politiet meiner legen heldt ein fart på mellom 125 og 145 kilometer i timen då ulukka skjedde. Dei baserer seg på rapporten til konsulentverksemda Rekon, som er spesialistar på å rekonstruere trafikkulukker.

Renault har også sett på bilen der den omkomne kvinna var førar.

Folkehelseinstituttet, som analyserte blodprøvene til mannen, fann spor etter både smertestillande medikament og sovemedisin. Påverknadsgraden tilsvara ein alkoholpromille på over 0,5.

Påstand om frifinning

Forsvarar Paul Inge Angelshaug seier at den tiltalte danske legen tek saka tungt, men at han er innstilt på få gjennomført rettssaka og kome vidare i livet.

– Han har ikkje erkjent straffskuld, og vi kjem til å legge ned påstand om frifinning. Vi kjem til å legge stor vekt på å få fram det som skjedde i sekunda før kollisjonen.

Angelshaug seier at det blir ei vanskeleg og omfattande sak.

– Det ligg føre svært mykje dokumentasjon, samstundes er det ikkje andre vitne til ulukka enn min klient og passasjeren i den andre bilen.

Paul Inge Angelshaug

FORSVARAR: Paul Inge Angelshaug.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Legen vart send til sjukehus med alvorlege skadar. No meiner han at han er frisk nok til å gjennomføre ei rettssak.

– Det eg kan seie er at heile saka på alle måtar har vore ei veldig belastning på min klient. Det er ei ekstra belastning at den enda fatalt, og at han ikkje hugsar noko frå ulukka sjølv, seier Paul Inge Angelshaug.

Strafferamma i saka er fengsel i inntil tre år. Under særskilt skjerpande omstende er strafferamma fengsel i seks år. Fjordane tingrett har sett av fem dagar til rettssaka.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.