Hopp til innhold

Sikta dansk lege var påverka av medikament og krasja i mellom 125 og 145 km/t

Den danske vikarlegen som er sikta etter dødsulukka ved Bryggja i påska i år, var påverka av medikament og hadde ein fart på mellom 125 og 145 km/t i samanstøyten.

Trafikkulukke ved Bryggja.

RUS OG FART: Bilane stod over 100 meter frå kvarandre etter den veldige samanstøyten. Bilen til den sikta legen hamna på taket.

Foto: Øystein Torheim

Vågsøy lensmannskontor er ferdige med etterforskinga av ulukka der ei 49 år gamal seksbornsmor mista livet .

Saka er no oversendt til påtaleansvarleg jurist. Politiet har tidlegare antyda at det vil komme ein tiltale i saka, men det er førebels uvisst om mannen i 40-åra blir tiltalt for aktlaust drap eller aktlaus køyring.

– Det er skremmande at vi har slik åtferd i trafikken. Her har du i tillegg fått eit tragisk utfall, seier lensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum.

Kom frå nattevakt

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

LENSMANN: Tormod Hvattum.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

Den danske legen kom rett frå nattevakt i Eid då ulukka skjedde om morgonen 28. mars. Mannen vart sjølv alvorleg skadd i ulukka, og hugsar ikkje sjølv noko frå hendinga. Han har såleis ikkje kunne kaste lys over det som skjedde.

Det har derimot både konsulentfirmaet Rekon og Folkehelseinstuttet gjort. Rekon er uavhengige og er spesialistar på å rekonstruere trafikkulukker.

– Dei har konkludert med korleis bilen var i høve til motparten, og vurdert farten til sikta i kollisjonstidspunktet. Bilen som sikta køyrde var over i motsett køyrefelt og hadde ein fart på mellom 125 og 145 kilometer i timen, fortel Hvattum.

Påverka av medikament

Renault har også sett på bilen der den omkomne kvinna var førar. Denne hadde ein fart på 79 km/t. Den hadde då bremsa ned farten. Fartsgrensa på ulukkesstaden er 80 km/t.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ei kvinne er stadfesta omkomen, og to personar sendt til sjukehus etter ei trafikkulukke ved Bryggja i Vågsøy.

DØDSULUKKE: Ei polsk kvinne omkom i ulukka ved Bryggja 28. mars i år. (Foto/redigering: Bjarne Eldevik)

– Vi har også fått uttale frå Folkehelseinstituttet basert på innsendt blodprøver og konklusjonen derifrå er at sikta har hatt medikament i blodet som svarar til over 0,5 i promille når det blir rekna om til alkoholpromille, held Hvattum fram.

Kva medikament det er tale om, ynskjer ikkje Hvattum å kommentere.

Hugsar ikkje noko

Politiet har ikkje konfrontert den sikta med opplysningane, men han skal vere gjort kjend med desse gjennom sin forsvarar, Paul Inge Angelshaug. Han reiste heim til Danmark etter ulukka.

Den sikta legen har vore gjennom eitt avhøyr, då han tidlegare i haust kom frivillig til Vågsøy for å la seg avhøyre .

– Vi har ikkje gjort nye avhøyr med sikta, då han ikkje hugsar noko frå hendinga og ikkje har meir å bidra med enn han har gjort tidlegare, seier Hvattum.

Høyrde smell

Politiet har avhøyrt fleire vitne, mellom anna passasjeren i avdøde sin bil. Det var også personar som ikkje såg hendinga, men som var i nærleiken og kom raskt til staden etter at dei høyrde den kraftige smellen.

– Vi har også gjennomført oppmålingar, skisser på staden og teke naudsynte bilete. I tillegg til rapportane som vi har henta inn, opplyser Hvattum.

Det er uvisst når juristen er ferdig med saka og når den eventuelt vil komme opp for ein domstol.

Vil ikkje kommentere

Forsvarar Angelshaug stadfestar at klienten hans er gjort kjend med opplysningane til politiet.

– Vi er kjend med at politiet nærmar seg ei avslutning på etterforskinga og vi avventar kva utfallet blir, seier han og ikkje vil kommentere kva klienten hans seier til politiet sine opplysningar om fart og rus.

– Det eg kan seie er at heile saka på alle måtar har vore ei veldig belastning på min klient. Det er ei ekstra belastning at den enda fatalt, og at han ikkje hugsar noko ting frå ulukka sjølv, seier han.