Hopp til innhold

Lastebil utfor vegen

Ein lastebil køyrde i natt utfor riksveg 15 ved Tunål langs Oppstrynvatnet i Stryn kommune. Dei to personane i lastebilen kom frå det utan fysisk skade, men det vart derimot ein del materielle skadar på lastebilen. Brannvesenet rykte ut til staden. Ifølgje Alarmsentralen var det glatt på staden.