Hopp til innhold

Lastebåten «Selvaagsund» går for eiga maskin til Florø

Havaristen «Selvaagsund» er trekt av grunn, og går no for eiga maskin i retning Florø. Det er venta at skipet vil kome dit i kveld.

Lastebåten «Selvaagsund» er no trekt av grunn. Foto: KV Tor

BLIR SLEPT AV GRUNN: No er båten på veg til Florø. Foto: KV Tor.

Lastebåten «Selvaagsund» er no trekt av grunn. Det melder Hovudredningssentralen klokka 11.30 onsdag. Båten gjekk på land like ved Sumarsøyna i Solund natt til tysdag.

Den 82 meter lange lastebåten høyrer til reiarlaget Berge som har base på Hitra. Båten som er lasta med grus var på veg frå Florø til Tyskland, då den natt til tysdag gjekk på grunn ved Sumarsøyna i Solund.

– Båten har fått eit stor hol i forskipet, og det er der vatnet har kome inn. Det er tetta og avgrensa for vidare spreiing, men det er hol i forskipet og ein del vatn i forpiggen.

– Er det ein vanskeleg operasjon?

Jon Skålheim i Kystvakta meiner gamle og eigarlause blåskjellanlegg utgjer ein stor risiko.

I BEREDSKAP: Jon Skålheim er skipssjef på «KV Tor».

Foto: KV Tor

– Det er jo litt uvisse til kva utfallet kjem til å bli, men det er gjort gode undersøkingar med dykkar. Skaden er lokalisert, og det er gjort ein del tiltak om bord for avgrense vassinntrenginga, så det blir gjort eit forsøk på å dra den av. Vi og ligg i beredskap, men utstyr, Skålheim.

Det er også 54 tonn diesel om bord, men det er førebels ikkje meldt om oljelekkasje. Når båten er trekt av grunn er planen å gå til Florø.

– Skipet går for eiga maskinkraft mot Florø og taubåten Silex og KV Tor følgjer med og er i beredskap. Forventa ankomst Florø vert sannsynlegvis mellom klokka 19 og 20 i kveld, dersom det ikkje oppstår utfordringar undervegs, seier Skålheim.

Kystvakta ved havaristen i Solund

TØMDE SKIPET: Det blei sett i verk omfattande pumping av havaristen «Selvaagsund» i Solund.